Moskvaprosessane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byrjinga på ei liste frå januar 1940 over 346 personar som skulle avrettast for diverse «motrevolusjonære» brotsverk. Lista er godkjend av Stalin.

Moskvaprosessane er ein samnemnar for tre rettssaker som vart førte mot tidlegare framståande personar i Sovjetunionen i åra 1936 til 1938. Prosessane i Moskva vart sette i verk etter drapet på leiaren av kommunistpartiet si avdeling i Leningrad, Sergej Kirov.

Det har i ettertid vore hevda at Stalin sjølv stod bak dette for å kunne starte prosessane, men heller ikkje etter at arkiva vart opna har det komme noko prov for denne påstanden. Om lag 50 personar vart dømde i Moskvaprosessane, dei fleste til døden. Blant dei dømde var Nikolaj Bukharin, Lev Kamenev, Grigorij Zinovjev, Jurij Pjatakov, Karl Radek og Aleksej Rykov.

Rettssakene vart haldne med internasjonal presse til stades. Blant anna rapporterte den norske forfattaren Nordahl Grieg frå rettssakene, som au utgjorde grunnlaget for romanen Ung må verden ennu være.

I samtida vekte rettssakene stor oppsikt, ikkje minst på grunn av at mange tidlegare leiande bolsjevikar vedgjekk både landssvik og konspirasjon. Skuldingane og tilståingane var falske. Blant anna har filosofen Slavoj Zizek lagt vekt på dei psykologiske mekanismane som fekk dei tiltalte til å tilstå slike skuldingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]