Moskvatesene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Moskvatesene var nemninga mykje bruka i Noreg om dei 21 vilkåra gjevne i 1920 av Vladimir Lenin for parti som ville vera med i den Tredje Internasjonalen (Komintern), som vart skipa i 1919 etter oktoberrevolusjonen i Russland i 1917.

Medlemspartia måtte:

  • Drive aktiv propaganda for kommunistiske idéar.
  • Fjerne reformistar og sentristar frå maktposisjonar i arbeidarrørsla.
  • Kombinere legale og illegale kampmetodar i land med antikommunistiske lover.
  • Styre aktivitetane til parlamentsmedlemmene sine.
  • Avvise pasifisme og godta væpna kamp som verkemiddel.
  • Støtte nasjonale frigjeringsrørsler i koloniane.
  • Sikre at tilslutta fagorganisasjonar var med i den «raude» (kommunistiske) faglege internasjonalen i Moskva og ikkje den «gule» (sosialdemokratiske) i Amsterdam.
  • Å innføre «demokratisk sentralisme» i partiorganisasjonen (det vil seie den bolsjevikiske partimodellen).
  • Støtte alle eksisterande sovjet-republikkar.
  • Revidere partiprogramma sine etter politikken vedteken i Internasjonalen.
  • Godta alle vedtak i Internasjonalen som bindande for eige parti.
  • Ekskludere (utestengje) alle medlemmer som røysta imot nokon av dei 21 vilkåra, eller om fleirtalet i det eigne partiet røysta imot, bryte ut og skipe eit nytt parti.
  • Ta namnet «Kommunistisk Parti».

Desse vilkåra skapte stor strid i mange parti som hadde slutta seg til Komintern, mellom dei Det norske Arbeidarpartiet. Da Martin Tranmæl fekk fleirtalet med seg på å godta tesene, førte det til at dei konsekvent demokratiske sosialistane braut ut og skipa Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti i 1921. Likevel var det framleis uro i DNA om tesene, blant anna ville ein konsekvens av den demokratiske sentralismen vera at den kollektive medlemskapen av fagforeiningar i DNA måtte gjevast opp, og det lika "tranmælittane" dårleg. I 1923 braut så DNA ut av Komintern, men rekna seg framleis fram til 1927 og samlinga med NSA som eit kommunistisk parti og ein sympatiserande organisasjon. Same året, i 1923, vart Norges Kommunistiske Parti skipa, som medlemsparti i Komintern.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]