Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)»
Song av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
Språk engelsk
Utgjeve 16. mai 1966
Innspelt 9. mars 1966
Sjanger Countryrock
Lengd 3:30
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)» er ein song av Bob Dylan på albumet Blonde on Blonde frå 1966. Dylan gav ut songen på singel to gonger i karrieren sin, først i 1974, då han nådde 66. plass i USA, og igjen i 2007, då han nådde 51. plass i Storbritannia.

Songen er innspelt i Columbia Recording Studios i Nashville i Tennessee med studiomusikarane Wayne Moss, Charlie McCoy, Kenneth A. Buttrey, Hargus Robbins, Jerry Kennedy, Joe South, Bill Aikins og Henry Strzelecki. Robbie Robertson spelar òg gitar på songen. Dominerande instrument på songen er trombone, piano, gitar, munnspel, bassgitar, trommer og orgel.

Songen vart mykje spelt som opningsong på turneen til Bob Dylan og The Band i 1974. Ei innspeling frå denne turneen kom ut på konsertalbumet Before the Flood same året. Det var denne utgåva som kom ut på singel dette året.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Patti Labelle, Todd Rundgren, The Yardbirds og Mudcrutch.

Ein nynorsk tekst, kalla «Mest truleg går du din veg og eg min», skriven og framført av Tom Roger Aadland på albumet Blondt i blondt i 2016.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]