Mosterøy

Koordinatar: 59°05′00″N 05°38′11″E / 59.08333°N 5.63639°E / 59.08333; 5.63639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosterøy (øy)
Rennesøy (venstre) og Mosterøy (høgre).
Rennesøy (venstre) og Mosterøy (høgre).
Geografi
Stad Boknafjorden
Koordinatar 59°05′00″N 05°38′11″E / 59.08333°N 5.63639°E / 59.08333; 5.63639

Areal 12 km²

Høgaste punkt Mastravarden (154 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Rogaland
Største busetnad Askje

Mosterøy er ei øy og eit tidlegare sokn i Stavanger kommune. Mosterøy sokn har òg vore ein eigen kommune og er kjend for Utstein kloster som ligg på Klosterøy, nørdst i soknet. Europaveg 39 går over Mosterøy, som del av Rennfast-sambandet. Sjølve øya har 945 innbyggjarar (2013) og eit areal på 12 km².

Mosterøy sokn[endre | endre wikiteksten]

Utstein kloster kyrkje
Askje kyrkje

Mosterøy sokn hadde 1 944 innbyggjarar (2013) og eit areal på 23 km². 1.1.2024 ble soknet slått saman med Rennesøy sokn til nye Rennesøy sokn.

Mosterøy var frå mellomalderen delt på Askje sokn og Utstein kloster sokn. Askje omfatta øyane Bru og Sokn, vestre delen av Åmøy og søre delen av Mosterøy, mens Utstein kloster omfatta Klosterøy, Fjøløy og nordre delen av Mosterøy. 1899 vart dei to sokna slegne saman, og Mosterøy sokn vart skipa. Frå 1997 høyrer soknet til Tungenes prosti.[1]

Mosterøy herad[endre | endre wikiteksten]

Mosterøy var ei tid namn på ein kommune i Rogaland fylke, med Askje som kommunesenter.

  • Mosterøy vart skild ut frå Rennesøy herad i 1884. Den omfatta då dei tre sokna Askje, Utstein kloster og Kvitsøy og hadde 1 309 innbyggjarar.
  • I 1923 vart så Kvitsøy skild ut som eigen kommune. Mosterøy hadde etter frådelinga 745 innbyggjarar.
  • I 1965 vart Mosterøy, då med 817 innbyggjarar, innlemma att i Rennesøy kommune.
  • Frå 1. januar 2020 vart heile tidlegare Rennesøy kommune med Mosterøy ein del av Stavanger kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]