Motezuma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Motezuma
RV723
Opera av Antonio Vivaldi
Sjanger Opera
Periode Barokken
Komponert 1733
Første framføring 14. november 1733
Typisk lengd 164:31
Tekst av Girolamo Alvise Giusti

Motezuma er ein opera i tre akter av Antonio Vivaldi med ein italiensk libretto av Girolamo Giusti. Den første framsyninga vart halde i Teatro Sant'Angelo i Venezia den 14. november 1733.

Musikken trudde ein lenge var gått tapt, men han vart oppdaga i 2002 i arkivet til musikkbiblioteket Sing-Akademie zu Berlin, ei gammal sjølvstendig korforeining med rike musikalske tradisjonar. Etter den andre verdskrigen vart biblioteket deira invadert av den raude armeen og teken med til Sovjetunionen. Det enda til slutt opp i Kiev, i dagens Ukraina. Etter Tyskland var samla på ny vart delar av partituret (byrjinga av første akt og store delar av tredje akt manglar) identifisert av musikkvitaren Steffen Voss. Musikkvitarar starta arbeidet med å rekonstruere ein versjon som kunne framførast.

Ei konsertutgåve av operaen, visstnok den første framsyninga sidan 1700-talet, vart framført 11. juni 2005 i konserthallen De Doelen i Rotterdam dirigert av Federico Maria Sardelli.


Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Røyst Premierebesetning, 14. november 1733.
Motezuma, Keisaren av Mexico bassbaryton Massimiliano Miler
Mitrena, kona hans kontraalt Anna Girò
Teutile, dottera hans sopran Gioseffa Pircker
Fernando, Generalen til den spanske hæren sopran kastratsongar Francesco Bilanzoni
Ramiro, den yngre broren hans sopran kastratsongar Angiola Zannuchi
Asprano, Generalen til meksikanarane sopran kastratsongar Marianino Nicolini

Andre operaer om den same keisaren[endre | endre wikiteksten]

Den same meksikanske keisaren var òg hovudrolla i operaene:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]