Mother Goose
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Mother Goose Song av Jethro Tull frå albumet Aqualung |
||
| Utgjeve | 19. mars 1971 | |
| Innspelt | desember 1970 - februar 1971 i Island Studios i London | |
| Sjanger | Folkrock | |
| Lengd | 3:51 | |
| Selskap | Reprise(original US) Chrysalis/Capitol (US ny utgåve) | |
| Låtskrivar(ar) | Ian Anderson | |
|---|---|---|
| Produsent | Ian Anderson og Terry Ellis | |
«Mother Goose» er ein song av det britiske rockebandet Jethro Tull. Det er den fjerde songen på albumet Aqualung som kom ut i 1971. Teksten er ein pastisj av surrealistiske figurar basert på bilete som Ian Anderson såg då han vandra rundt i Hampstead Heath. Songen er hovudsakleg akustisk som «Cheap Day Return» og «Slipstream» frå same album. Songen vart òg gjeven ut på The Best of Jethro Tull - The Anniversary Collection og vart framført i lag med heile Aqualung den 23. november 2004 i XM Studios og gjeve ut på albumet Aqualung Live.
Medverkande [endre]
- Ian Anderson: akustisk gitar, perkusjon, vokal, korvokal
- Martin Barre: akustisk rytmegitar, perkusjon
- Jeffrey Hammond: altblokkfløyte, korvokal
- Clive Bunker: perkusjon
- John Evan: Mellotron
Mellotronen vart erstatta med trekkspel på Aqualung Live, spelt av Andrew Giddings.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Mother Goose (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2012.