Motherless Child Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Motherless Child Blues» er namnet på to heilt forskjellige tradisjonelle bluessognar. Både melodien og teksten er forskjellige. Den første vart gjort populær av Robert «Barbecue Bob» Hicks—den andre av Elvie Thomas.

«Motherless Child Blues» (Hicks)[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Motherless Child Blues ved Wikisource.

«Motherless Child Blues» vart spelt inn av Hicks i 1927 og fortel om songaren si mangel på respekt, og mangel på begeistring, for kvinner generelt. Songen byrjar med teksten som gjev namn til songen:

If I mistreat you gal, I sure don't mean you no harm.
I'm a motherless child and I don't know right from wrong.[1]

Denne songen vart seinare spelt inn av Eric Clapton på albumet From the Cradle og kalla «Motherless Child».

Songen er òg spelt av jazzlegenda Jimmy Scott og i ein drum n' bass-omarbeiding av den skotske musikaren Colin Waterson.

«Motherless Child Blues» (Thomas)[endre | endre wikiteksten]

Elvie Thomas spelte først inn hennar «Motherless Child Blues» med Geeshie Wiley i 1930. Denne songen fortel om ei dotter som ikkje følgjer råda til den døde mora si:

Mother told me just before she died,
...
Oh daughter, Oh daughter, please don't be like me,
To fall in love with every man you see.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Evans, Ramblin' on My Mind, s. 134.
  2. Sackheim, The Blues Line, s. 38.