Motiv i bilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå motiv.
Postkort frå La Guaira i Venezuela, som viser eit kystmotiv.

Motiv (av mellomalderlatin 'drivande, som set i rørsle') er tankar, opplevingar eller inntrykk som blir emne for kunstnarleg behandling og attgjeving. Det kan ganske enkelt vera det ein attgjev i måling, teikning eller fotografi, eller ein del av eit mønster.

Eit motiv kan vera eit heilt synsinntrykk, til dømes eit landskap, folk, folkeliv, dyr, plantar eller daude ting. Landskapsmåleri,sjangermåleri, portrett, dyrestil, botanisk illustrasjon og stilleben er nokre døme på bildekunst med desse motiva. Andre motiv kan vera fantastiske og til dømes framstilla fabeldyr, geometriske eller andre figurar.

Ved hjelp av stilisering der ein berre gjev att dei viktigaste synsinntrykka kan ein visa fram kompliserte motiv på ein forenkla måte. Stiliserte motiv er kjend frå førhistorisk kunst og fram til moderne kunst. Nokre stiliserte motiv er hjarte, koru, kross, meander, paisley og selburose.

Motiv kan ha ikonografisk tyding slik at ein kan bruka det til å «lesa» bildet. I religiøse bilde som ikon kan ein til dømes bruka dei til å identifisera den eller dei som er framstilte. Dei kan ha til føremål å framstilla eller framkalla ein viss idé eller stemning, til dømes humor eller nasjonalromantikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.