Motmotar
| Motmotar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Coraciiformes | |
| Familie: | Momotidae | |
Motmotar, Momotidae, er ein familie som lever i den neotropiske regionen. Familien på 10 artar går inn i ordenen Coraciiformes, råkefuglar, saman med mellom anna isfuglfamilien, råkar og bietarfamilien.
Motmotar er mellomstore fuglar med habitat i tett skog. Distribusjonen er avgrensa til tropisk del av «den nye verda», til det kjem eit fossilt individ som er oppdaga i Sveits. Desse fuglane har fargerike fjørdrakter og lange stjertfjør som dei kan svinga i sideretninga for å trekke merksemd frå andre fuglar.
Forsking viser [ikkje stadfesta] at turkisbrynmotmot utfører halesvingingar når dei oppdagar ein predator for å gjere predatoren merksam på at han er oppdaga og at motmoten er førebudd på å flykte. Denne forma for signalisering gjev eit føremon for både motmoten og predatoren: signalet hindrar motmoten frå å kaste bort tid og energi til å flykte samstundes som predatoren unngår et kostbart arbeid med dårlege utsikter til fangst. Det er òg vist at halefjærene til hannane, som er litt større enn halen åt hoa, fungerer som et seksuelt signal hos turkisbrynmotmot.
Dei to sentrale halefjørene hos motmotar har form som rekkertar, med unntak av hos to artar. Det skjer fordi bistrålane har svakt feste til fjørskaftet og fell av. Dermed oppstår den karakteristiske forma på halefjørene.
Motmotar et små byttedyr som insekt og små øgler, og gjerne litt frukt. I Costa Rica er det observert at motmotar har fora ungar med pilgift frosk. [ikkje stadfesta].
Som dei fleste andre familiar av Coraciiformes hekkar motmotar i hòl i bakken. Dei legg omkring fire kvite egg i kullet. Nokon artar dannar store koloniar på opp til 40 par. Egga vert klekt etter ca 20 dagar, og ungane forlèt reiret etter om lag 30 dagar. Begge foreldra syt for fôring av ungane.
Innhaldsliste |
Artsliste[endre]
- Aspatha
- Blåstrupemotmot, Aspatha gularis
- Baryphthengus
- Kanelmotmot, Baryphthengus martii
- Brunkronemotmot, Baryphthengus ruficapillus
- Electron
- Brunpannemotmot, Electron carinatum
- Breinebbmotmot, Electron platyrhynchum
- Eumomota
- Turkisbrynmotmot, Eumomota superciliosa
- Hylomanes
- Dvergmotmot, Hylomanes momotula
- Momotus [f 1]
- Mexicomotmot, Momotus mexicanus
- Blåpannemotmot, Momotus momota
- Bergmotmot, Momotus aequatorialis
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Motmot frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
-
- Murphy, Troy G. (2006). Predator-elicited visual signal: why the turquoise-browed motmot wag-displays its racketed tail. Behavioral Ecology 17:547-553.
- Murphy, Troy G. (2007). Lack of melanized keratin and barbs that fall off: how the racketed tail of the turquoise-browed motmot Eumomota superciliosa is formed. Journal of Avian Biology 38:139-143.
- Murphy, Troy G. (2007). Racketed tail of the male and female turquoise-browed motmot: male but not female tail length correlates with pairing success, performance, and reproductive success. Behavioral Ecology and Sociobiology 61:911-918.
- Murphy, Troy G. (2007). Dishonest 'preemptive' pursuit-deterrent signal? Why the turquoise-browed motmot wags its tail before feeding nestlings. Animal Behaviour 73: 965-970.
- Becker, Jonathan J. (1986): A Fossil Motmot (Aves: Momotidae) from the Late Miocene of Florida. Condor 88(4): 478-482. PDF fulltext
- Forshaw, Joseph (1991). in Forshaw, Joseph: Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press, 143-144. ISBN 1-85391-186-0.
- Beebe, W. 1910. Racket formation in the tail-feathers of the motmots.1910 Zoologica, 1 (5): 140-149
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forenings hjemmesider (publisert 22.5.2008).
Fotnotar[endre]
- ↑ Artslista for slekta Momotus er i stadig endring: Clementslista versjon 6.4 tar ikkje med bergmotmot som sjølvstendig art, medan IOC-lista versjon 2.6 har 8 artstakson i slekta, medrekna bergmotmot.