Motorpsycho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Motorpsycho er eit norsk rockeband frå Trondheim. Bandet består av Bent Sætherbass og vokal, Hans Magnus «Snah» Ryangitar og vokal og Kenneth Kapstad på trommer. Tidlegare medlem Håkon Gebhardt (trommer) slutta i 2005. Namnet på gruppa er henta frå ein film av Russ Meyer. Alle medlemmene har spela i fleire andre band, både før og etter at Motorpsycho vart starta. Mange andre artistar har òg spela saman med Motorpsycho, mellom andre Deathprod (Helge Sten), Jaga Jazzist, Ståle Storløkken og Reine Fiske. Kim Hiorthøy har utforma dei fleste av plateomslaga.

Musikken deira kan best skildrast som ei eksperimentell blanding av psykedelisk rock, vanleg rock, jazz, heavy metal og punk. Dei er kjende for å laga variert musikk, og for å variere stilen mellom plateutgjevingane. Den av platene som kanskje utmerker seg mest på dette viset er The Tussler, ei fullverdig country-plate bandet laga fordi Gebhart hadde fått ein banjo i gåve.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bandet vart starta i 1989 i Trondheim — da med Kjell Runar «Killer» Jenssen på trommer. I 1990 produserte bandet den første demoen sin, Maiden Voiage, og året etter kom albumet Lobotomizer. Stilen deira på den tida var noko heilt anna enn det rolege, avbalanserte bandet fansen deira kjenner i dag. Dei var sterkt inspirerte av grunge, ein sjanger som var på sitt høgdepunkt på den tida. Det var mykje skriking og fuzzgitar. Etter dett albumet slutta «Killer» i bandet, og «Snah» henta inn ein kompis frå folkehøgskulen — Håkon Gebhardt. Bandet var svært tidleg knytt opp til UFFA og Svartlamon i Trondheim, eit bustadområde for huslause, kunstnarar og politiske aktivistar.

Dei neste utgjevingane var Soothe (1992) og 3 Songs for Ruth (1993). Begge desse to utgjevingane kom berre på vinyl. Derfor vart plata 8 Soothing Songs for Ruth utgjeven — ein CD som inneheldt begge dei to tidlegare platene, med unntak av songen "Some Real Mindfuck" frå 3 songs for Ruth. Det var på denne tida at Motorpsycho møtte Helge Sten, som arbeidde mykje med eksperimentell elektronisk musikk og keyboard. Helge vart interessert i prosjektet og vart med på den neste plata, Demon Box — ei plate som av store delar av fansen blir rekna som den beste plata deira, og som inneheld "Waiting for the One", ein av dei best kjende songane deira. Etter Demon Box slutta Helge i Motorpsycho for å kunna konsentrere seg om eigne studium.

I 2003 braut Motorpsycho tradisjonen med å gjeva ut eitt album kvar haust. Dei hadde da tidlegare på året gjeve ut In The Fishtank saman med Jaga Jazzist. Det kom da ikkje ut noka plate frå Motorpsycho før hausten 2004, saman med Lars Lien og fleire andre som til saman utgjer The International Tussler Society. Plata vart ein stor suksess og gjekk rett inn på toppen av salslista den veka plata kom ut.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1990Maiden Voyage (demo)
  • 1991Lobotomizer
  • 1992Soothe (EP)
  • 19923 Songs for Ruth (EP)
  • 19928 Soothing Songs for Ruth
  • 1993Demon Box
  • 1993Mountain EP (EP)
  • 1994Another Ugly EP (EP)
  • 1994Promotor 1 EMI (Gratis med dei aller første kopiane av Timothys Monster)
  • 1994Stickman Promotor 2
  • 1994The Tussler
  • 1994Wearing Yr Smell
  • 1995Blissard (Gruppa vann Spellemannprisen 1996 i klassen rock for denne plata.)
  • 1996Timothy's Monster
  • 1997Angels and Daemons at Play (Gruppa vann Spellemannprisen 1997 i klassen hardrock for denne plata.)
  • 1998Trust Us
  • 1999Roadworks, vol. 1
  • 2000Let them eat Cake (Gruppa vann Spellemannprisen 2000 i klassen rock for denne plata.)
  • 2000Walking with J. (EP)
  • 2001Barracuda
  • 2001Phanerothyme
  • 2002It’s a love cult
  • 2003In the Fishtank (Samarbeid med Jaga Jazzist)
  • 2004Motorpsycho Presents: The International Tussler Society
  • 2006Black Hole - Blank Canvas
  • 2008Little Lucid Moments
  • 2009Child of the Future
  • 2010Heavy Metal Fruit
  • 2011Roadworks, vol. 4 – Intrepid Skronk
  • 2011Strings Of Stroop - Motorpsycho Live At Effenaar
  • 2012The Death Defying Unicorn
  • 2013Still Life with Eggplant

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]