Motorsag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fig. 1 Motorsag av merket Stihl. Brukaren har verneutstyr.

Motorsag er ei sag som fyrst og fremst vert nytta i skogbruket. Ei motorsag vert nytta både til felling, kvisting og kapping. Motorsager som vert nytta i skogen har ein einsylindra bensinmotor, vanlegvis ein totaktsmotor. Det finst òg motorsager med elektrisk motor, som vert nytta til dømes innandørs, på byggplassar og liknande.

Motor[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste motorsager er utstyrte med ein einsylindra luftavkjølt totakts bensinmotor. Som dei fleste andre små totaktsmotorar vert luft-bensinblandinga trekt inn gjennom veivhuset. Smøreolja må difor blandast i bensina før bruk. Forgassaren er av membrantypen, som fungerer like godt uansett arbeidsposisjon. Startproblem kjem ofte av rusk i bensina eller feil på tenningssystemet. Motoren vert dregen i gang med startsnor. For å redusere vibrasjon har veivakselen motvekter. På moderne motorsager er motoren i tillegg opphengt i vibrasjonsdempande gummifeste.

Elektriske motorsager er som regel utstyrte med asynkronmotor, som har aukande dreiemoment ved aukande last.

Kjede[endre | endre wikiteksten]

Fig. 2: Motorsagkjede.
Fig. 3: Motorsagkjede montert på sverdet.

Skjeringa vert utført av ei sagkjede, utstyrt med kvasse skovltenner, fig. 2. Kjeda har knastar som går i eit spor i sverdet. Fig. 3 syner kjeda montert på sverdet. Mellom skovltennene sit ryttarane, som bestemmer kor djupt skovltennene skal skjera. Det er viktig at skovltennene er kvasse og ein bør kvessa kjeda fleire gong per økt, noko som ikkje treng ta meir enn eit minutt eller to. Kvessinga vert utført med ei rundfil. Med jamne mellomrom må òg ryttarane filast med, slik at ikkje skovltennene går for grunt.

Kjeda vert drive med ein fart på rundt 20 m/s med fartsretning mot sagkroppen i underkant av sverdet. Kjeda som vert drevne av eit kjedehjul, som er forbunde med veivakselen med ei sentrifugalkopling. Tidlegare var det vanleg at sverdet hadde ei roterande trinse i framenden, men moderne sverd har ikkje trinse. Kjeda vert smurt av olje som vert tilført av ei pumpe.

Verneutstyr[endre | endre wikiteksten]

Fig. 4: Hjelm med hørselsvern.
Fig. 5: Naudstoppbøyle.
Fig. 6: Kvisting med motorsag.

Bruk av motorsag har ført med seg mange ulykker, spesielt i den fyrste tida då det ikkje fanst verneutstyr. I dag er det vanleg å nytta støvlar og klede som kjeda ikkje kan trenga igjennom, som vist i fig. 1. Kleda vert laga av eit materiale som legg seg i kjeda og hindrar den i å trengja gjennom. Det vert òg nytta hjelm med visir og hørselsvern, Fig. 4.

Når ein arbeider med motorsag hender det av og til at kjeda får tak i ein kvist og kastar sage mot brukaren, noko som kan føra til stygge skadar. For å hindra slik skade har moderne motorsager ei naudstoppbøyle, Fig. 5. Når saga vert kasta oppover skjer dette svært snøgt og brukaren mistar som oftast grepet om handtaket. Handa støyter da mot naudstoppbøyla, som aktiverer ein kjedebrems som får kjeda til å bråstogga. Naudstoppøyla hindrar òg at brukaren får handa ned i kjeda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamilton trefellingsmaskin frå ca. 1860.

Dei fyrste eksperimenta med å laga ei motorsag byrja alt på 1800-talet, lenge før det fanst forbrenningsmotorar. Trefellingsmaskina til Hamilton, frå tidleg på 1860-talet er eit døme på ein tidleg konstruksjon. Denne saga hadde ikkje motor, men er likevel interessant i eit historisk perspektiv. Mot slutten på 1870-talet vart det eksperimentert med dampmaskindrivne trefellingsmaskiner, men dei fekk ikkje praktisk betydning.

Tyskland var eit føregangsland, men Sverige og USA var òg tidleg ute. Frå 1910 og utover vart det i Sverige eksperimentert med motorsager. I 1916 var det importert ei tysk motorsag til Bergen, men ho viste seg å vera lite brukbar i praktisk arbeid [1]. Desse tidlege sagene var store og tunge og hadde lite til felles med moderne motorsager. Nokre nytta sirkelsagblad og andre eit svansliknande sagblad med att og fram-gåande rørsle. Det var vanleg med mekanisk overføring frå motoren, som stod på bakken, til skjereapparatet.

Rundt 1925 kom dei fyrste tomannssagene, som hadde motor og skjereapparat bygd saman til ei eining. Desse var framleis store og tunge og vart berre nytta til felling og kapping. Mot slutten av 30-talet freista dei svenske førtaka Billeruds AB og Munksunds AB seg med tomannssager med fram og attendegåande sagblad, men utan særleg hell [1]. Det tyske føretaket Stihl var langt framme og i Sverige vart det tala om «Tvåmans Stihlen» [2]. Westfelt i Sverige var ein annan pioner. Mange føretak utvikla tomannssager på 30- og 40-talet, men dei fleste var store og tunge (40 – 50 kg), lite driftssikre og for kostbare i høve til nytteverdien.

Fig. 7 Soldatar med Dolmar tomannsag i Italia i 1943.

Det var fyrst då det mot slutten av 40-talet dukka opp einmannssager at bruken av motorsag vart utbreidd. Dei hadde flottørforgassarar, som måtte vriast om når saga vart lagt på sida. Desse sagene vart framleis berre nytta til felling og kapping. Det norske føretaket Jobu var ein av pionerane, med Jobu Senior, med ein masse på berre 17,5 kg.

Utover 50-talet vart det innført mange forbetringar. Ei av dei viktigaste var innføringa av membranforgassar, som fungerte like godt uavhengig av posisjon. Brukaren slapp då å vri forgassaren når saga vart snudd på sida. På grunn av at membranforgassarar òg vart nytta i flymotorar vart dei òg kalla flyforgassarar. Rundt 1960 var massen kome ned på om lag 10 kg og ein tok til å nytta motorsag til kvisting. Jobu Tiger var ei av dei fyrste sagene som var brukbare for kvisting, men med ei masse på 10,4 kg var ho framleis i tyngste laget. Utover 60-talet kom det lettare sager og det vart vanleg å nytta motorsag til kvisting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Motorsågar - mekanisering för att underlätta avverkningen (Lenka 17/8-2007)
  2. Konttinen, H. og Drushka, K., Skogsmaskinernas historia, Timberjack Group, 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]