Motortorpedobåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Britiske Motortorpedobåtar returnerer etter ein patrulje til støtte for landgangen i Normandie

Motortorpedobåt (MTB) er eit hurtiggåande, lite krigsfartøy som fører torpedovåpen og har bensin-, dieselmotorar eller gassturbin. MTBar vart utvikla og nytta med stort hell under den første verdskrigen. MTBane var overlegen forgjengaren, den dampdrivne torpedobåten (TB), både i hastigheit og manøvreringsevne. Nemninga missiltorpedobåt har no i stor grad overtatt.

I mellomkrigstida var interessa for desse båtane avgrensa, men utover på 1930-talet auka interessa igjen, og både Tyskland og Storbritannia hadde eit stort tal motortorpedobåtar ved krigsutbrotet i 1939. Noreg hadde bestilt sine første motortorpedobåtar hjå Vosper Ltd i Portsmouth, England, men då Noreg kom med i den andre verdskrigen den 9. april 1940, var desse båtane båtane ikkje levert.