Motortrafikkveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Motortrafikkveg (tidlegare motorveg klasse B) er ein type veg som er særskilt lagt til rette for køyring med bilar i høg fart, utan at han oppfyller alle krava som gjev motorvegstatus. I Noreg er motortrafikkveg ein vegklasse.

Motortrafikkvegar var tidlegare kjent som «motorveg klasse B», eit omgrep som kunne skapa misforståingar ettersom vegane altså ikkje hadde motorvegstandard. Omgrepet motortrafikkveg var i bruk i Danmark (motortrafikvej) og Sverige (motortrafikled).

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Køyretøy som ikkje kan køyra over ein viss fart, har ikkje løyve til å køyra på ein motortrafikkveg. Kryssande vegar går gjerne i tunnel under motortrafikkvegen, eller på ei bru over han. Fotgjengarar har ikkje høve til å gå ved ein motortrafikkveg, men det er gjerne lagt til rette med gang- og sykkelveg tilknytta han.

Utbygging[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har ein fleire gonger bygd ut motortrafikkvegar til fullgode motorvegar, mellom anna på enkelte strekk av Europaveg 6 gjennom Østfold. Ei slik oppgradering gjev ikkje store problem ettersom traséane allereie er passande for motorvegar og fleire av kryssa allereie er planskilde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]