Motto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Et motto er eit synonym til valspråk, slagord eller parole. Ordet motto er eit lånord frå italiensk.

Mange valspråk er skrevne på latin.

Ein brukar på norsk gjerne ordet «valspråk» om mottoet til ein monark eller andre framstånde personar, til dømes riddarane av den danske Elefantordenen og den svenske Serafimerordenen. Nokre slekter har valspråk som dei kan ha valt sjølve og/eller har blitt tildelt ved adling. Somme ridderordenar har eigne valspråk, som for eksempel den engelske Hosebandsordenen.

Alle dei tre norske kongane etter 1905 har teke valspråket «Alt for Norge», mens dei svenske kongane har teke ulike valspråk. Den noverande svenske kongen Carl XVI Gustav tok som sitt valspråk För Sverige i tiden.

Eit «slagord» blir gjerne brukt om ein fotballklubb, i ein reklamekampanje, medan ein «parole» blir brukt i ein politisk demonstrasjon.

«Motto» er i norsk språk forbunde med ein privatperson sitt syn på livet, gjerne som eit fyndord og ein leveregel, f.eks. «Mitt motto er 'Smil til livet, og det smiler attende'».

Enige og tro inntil Dovre faller er den såkalla Eidsvollseiden frå 1814, og denne har blitt kalla Noreg sitt nasjonale motto.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk