Mount Eden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forstad:Mount Eden
By:Auckland
Øy:Nordøya
Omgjeven av:

 - mot nord
 - mot nordaust
 - mot aust
 - mot søraust
 - mot sør
 - mot sørvest
 - mot vest
 - mot nordvest


Arch Hill (2.1 km)

Eden Terrace Grafton (2.5 km)
Epsom (1379 m)
One Tree Hill (3.8 km)
Three Kings (2.4 km)
Balmoral (567 m)
Mount Albert (2.6 km)
Morningside (1.7 km)

Mount Eden (til venstre i biletet) sett frå One Tree Hill
Terrassar i sørhellinga av Mount Eden
Mount Eden sett frå Valley Road

Mount Eden er namnet på ein vulkan og på forstaden som ligg kring han i AucklandNordøyaNew Zealand, fem kilometer sør for sentrum i byen. På māori heiter staden Maungawhau — «Åsen med whauplantane». Det engelske namnet er til ære for George Eden, 1st Earl of Auckland.

Vulkanen[endre | endre wikiteksten]

Sentrum i bydelen er ein utsløkt vulkan der toppen (196 m.o.h.) er det høgaste punktet på landtunga der Auckland ligg. Det majestetiske, skålforma krateret er 50 meter djupt. Vulkanen hadde fleire utbrot, noko som danna fleire krater. Some av desse har vore nytta som vassreservoar frå så tidleg som 1877. Det siste utbrotet fann stad for om lag 60 000 år sidan.

Strategisk bruk av staden[endre | endre wikiteksten]

I den før-europeiske perioden vart Mount Eden brukt som ei festning, (pa) av ulike māoristammar. Dette tok slutt omkring år 1700Waiohuastammen vann over Tamakifolket. Jordvollane og terassane frå denne tida bidreg til den karakteristiske forma på åsen i dag.

1950- og 1960-talet vart toppen bruka som basestasjon for VHF-radiokommunikasjon. Dette vart brukt av drosjer, lastebilar og andre verksemder som hadde bruk for mobil kommunikasjon.

Områda omkring[endre | endre wikiteksten]

Landskapet like ved åsen består av svært fruktbar og naturleg drenert jord, for ein stor del blanda med vulkanstein. Då europearane kom hit, fann dei eit område fritt for store tre, ettersom alle over ein viss storleik var hogde ned av maoriane og brukte til ymse føremål, som t.d. tømra palisadar til festningsverk i paen. Landet var kledd av store bregner, new zealandsk flax (som er eit særeige new zealandsk tre eller buske, Phormium tenax), manukautre (Leptospermum scoparium) og whaubusker (også særeige på New Zealand). Europearane rydda landet for stein og laga steingjerde for å markera eigedomsgrensene. Slik vart det danna eit landskap som kunne minna om Irland eller det skotske låglandet. Desse steingjerda finst enno i bydelen.

Frå først av vart landet brukt til jordbruk, men frå tidleg av busette handverkarar og forretningsfolk frå Auckland seg her. Mykje av jordbruksarealet vart delt opp i store bustadsområde mellom 1870 og 1875, og staten bygde hovudvegar inn i området. Den første skulen i Mount Eden opna i 1877. I 1879 vart toppen offisielt verna som offentleg friområde.

I 1950- og 60-åra vart dei indre bydelane mindre populære og dei eldre husa i Mount Eden-området billegare å kjøpa. På denne tida utvikla Mount Eden eit noko bohemaktig preg då kunstnarar, skribentar, lærarar og universitetstilsette flytta hit. Mount Eden vert enno av mange sett på som «kunstsentrum» i Auckland på grunn av dei mangfaldige kreaktive aktivitetane i området, og dei mange kunstnarane som bur i nærleiken.

Eden Park har vore heimebanen til Auckland Cricket sidan 1910, og også heimebanen til Auckland Rugby Union sidan 1925. Eden Gardens, ein botanisk hage, ligg òg i denne bydelen.

Krateret på Mount Eden

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

I 1868 danna lokalbefolkinga eit styrande organ, dette var Mount Eden Highway Board. Byrådet, The Mount Eden Borough Council vart danna i 1906. I 1989, då administrasjonsgrensene over heile New Zealand vart endra, vart Mount Eden Borough slått saman med Auckland City.

Mount Eden Prison[endre | endre wikiteksten]

For dei fleste new zealandearar er namnet Mount Eden uløyseleg knytt til det mest kjende fengselet i landet, Mount Eden prison. Fengselet vart bygd av lokalt utvunnen basaltstein mellom 1882 og 1917. Det har ein utsjånad som er svært lik Dartmoorfengselet (Dartmoor Prison) i England.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • The Lively Capital, Auckland 1840-1865. Una Platts. Avon Fine Prints Limited New Zealand 1971.
  • Colonial Architecture In New Zealand. John Stacpoole. A.H & A.W Reed 1976
  • The Changing Face Of Mount Eden. Faye M. Angelo. Mount Eden Borough Council 1989.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]