Mount Kenya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Kenya

Mount Kenya er eit fjellmassiv i Kenya, det nest høgste i Afrika etter Kilimanjaro. Høgste fjelltoppane i Mount Kenya er 5 199 meter over havet høge Batian medan toppane Nelion og Lenana er høvesvis 5 188 moh. og 4 985 meter over havet. Mount Kenya ligg sentralt i Kenya, straks sør for ekvator, rundt 150 kilometer nord-nordaust for hovudstaden Nairobi. Mount Kenya er opphav til namnet på republikken Kenya.

Mount Kenya er ein stratovulkan som vart danna for om lag tre millionar år sidan, rett etter den austafrikanske sprekka oppstod. Fjellmassivet var dekt av ein isbre i tusenvis av år, noko som har ført til at fjellskråningane er sterkt nedslitne, med mange dalar som spreier seg ut frå midten av massivet. I dag finst 11 små isbrear i Mount Kenya-massivet. Dei skogkledde bergskråningane er ei viktig vasskjelde for mykje av landet Kenya.

Fjelltoppen vart bestigen fyrste gongen i 1899.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]