Mount Logan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mount Logan frå sørvest

Mount Logan er ein 5 959 meter over havet høgt fjell i Yukon-territoriet i Canada. Fjelltoppen er den høgste i Canada og den nest høgste i Nord-Amerika.

Fjellet vart «oppdaga» i 1890 og året etter kalla opp etter den kanadiske geologen William Edmond Logan. Mount Logan vart klive fyrste gongen den 23. juni 1925, av ei gruppe på seks mann frå USA, leia av Albert MacCarthy. Minst 13 ulike klatreruter leier til topps, ein topptur vert rekna som av dei aller mest krevjande i Nord-Amerika. Ved sidan av hovudtoppen er det tre andre toppar som når minst 5 890 meter over havet.

Mount Logan er kjend for ekstremt låge temperaturar, 26. mai 1991 vart det målt -77,5 °C, det kaldaste utanfor Antarktis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]