Mount Terror

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mount Terror i Antarktis)
Mount Terror
vulkan
Mount Terror (høgre) og Mount Erebus (venstre) sett frå Hut Point Peninsula på Ross Island
Land  Antarktis
Stad Ross Island
 - høgd 3 262 moh. [1]
 - Primærfaktor 1 728 m
 - koordinatar 77°31′S 168°32′E / 77.517°S 168.533°E / -77.517; 168.533
Geologi 820 000-1,75 millionar år
Vulkantype Skjoldvulkan
Lettast tilkomst enkel snø- og isklatring
Førstestiging gruppe frå New Zealand
 - dato 1959
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Terror
77°31′00″S 168°32′00″E / 77.516666666667°S 168.53333333333°E / -77.516666666667; 168.53333333333
Mount Terror is located in Antarktis
Mount Terror (Antarktis)
Wikimedia Commons: Mount Terror

Mount Terror er ein stor skjoldvulkan som utgjer den austlege delen av Ross Island i Antarktis. Han består av mange sinderkjegler og kuplar som sida og er stort sett dekt av snø og is. Det er den nest største av i alt fire vulkanar som utgjer Ross Island og vert noko overskugga av den større naboen, Mount Erebus, 30 km lenger aust.[2] Mt. Terror vart namngjeve i 1841 av sir James Clark Ross etter det andre ksipet hans HMS «Terror».[1] Kapteinen på Terror var Francis Rawdon Moira Crozier som var ein nær ven av Ross.

Topografisk kart av Ross Island (1:250 000 skala)

Toppen av vulkanen er ikkje studert, men det har dei lågare områda og ein har funne at alderen på bergartane her er mellom 820 000 til 1,75 millionar år gamle. Mount Terror har ikkje vist teikn til vulkansk aktivitet som er nyare enn det.

Den første stiginga av Mt. Terror vart gjort av ei gruppe frå New Zealand i 1959.

Terror Point, like nedanfor Mt. Terror, er den austlege grensa for Fog Bay, 6 km vest-nordvest for Cape MacKay på Ross Island. Namnet vart først nytta av medlemmar av Discovery-ekspedisjonen, 1901–04, og vart visstnok gjeve i samband med Mt. Terror som ligg oppom dette neste i nordaust.[3]

Terror Saddle er eit av tre markante snøskard på Ross Island, ca. 1600 m mellom Mount Terra Nova og Mount Terror. Det vart namngjeve i samband med Mount Terror, som har ei høgd på 3262 moh aust for dette skardet.

Terrorbreen er ein stor isbre mellom Mount Terra Nova og Mount Terror på Ross Island, som flyt sørover og ut i Windless Bight. Det fekk dette namnet av A.J. Heine i New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1962–63. på grunn av tilknytinga til Mount Terror.

I litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]