Mount Victoria i Wellington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bydel: Mount Victoria
By: Wellington
Øy: Nordøya
Omgjeven av

 - mot nord
 - mot aust
 - møt sør
 - mot vest


Oriental Bay
Roseneath
Hataitai
Te Aro

Utyn over Wellington mot nordvest frå toppen av Mount Victoria. Midt i biletet ligg nasjonalmuséet «Te Papa».

Mount Victoria, også kalla Mount Vic, er eit karakteristisk høgdedrag, 196 meter høgt, aust for bysenterum i WellingtonNew Zealand. Sør for dette er eit utspring, Mount Albert, og desse to er bundne saman med ein åskam. Mount Victoria er også namnet til den omliggjande bydelen i Wellington.

Bydelen Mount Victoria er ei blanding av bustads- og forretningsområde og ligg på vestsida av åsryggen ovanfor den sørlege delen av det sentrale forretningsområdet i Wellington. Tilgrensande bydelar, som nesten berre består av bustadsområde, er Oriental Bay, Roseneath og Hataitai.

Government House, bustaden til den newzealandske generalguvernøren, ligg i åssida til Mount Victoria, sør for Basin Reserve idrettsstadion, mellom Mount Victoria og Newtown. Bak denne ligg Wellington Hospital.

Ei gresk ortodoks kyrkje ligg på vestsida av Mount Victoria, og Basin Reserve idrettsstadion og det newzealandske krigsminnesmerket ligg ved foten av fjellet.

Ein vegtunnel, Mount Victoria Tunnel, går gjennom åsryggen og bind saman den sentrale bydelen med flyplassen Wellington International Airport, og med Evans Bay og halvøya Miramar Peninsula.

Panorama av Wellington frå Mount Victoria om kvelden

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]