Mountain Dew

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Mountain Dew er ein kolsyrehaldig leskedrikk frå Pepsi. Den blei lansert i Noreg 1. februar 2005. Den fanst allereie i USA i 1940-åra, men da som blandevatn for whisky.

Pepsi kjøpte i 1964 opp Mountain Dew og har med stor suksess seld den som ein vanleg leskedrikk. Den er ein av dei mest selde leskedrikkane i USA. Den har sidan 1994 komen i ein lett utgåve i USA, kalla «Diet Mountain Dew». Ein får kjøpt Mountain Dew i Finland, Island, Nederland, Polen, Russland, Italia og USA

Den smaker sitron, veldig likt 7-Up og Sprite. Mountain Dew inneheld koffein og konsentrat av appelsinsaft, og har ein lys grøn-gul farge.

Mountain Dew blir også seld som ein eigen slush/Slurpee/Braincooler-smak.

Mountain Dew blir ikkje lenger seld i Noreg. Den blei tatt av marknaden tidleg vinter 2007. Kvifor er det ingen som veit, da verken Ringnes eller Pepsi har oppgjeve nokon grunn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]