Mourne Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mournes frå St. John's Point i County Down

Mourne Mountains eller berre Mournes er ei fjellkjede i County Down søraust i Nord-Irland og av dei mest kjende fjella i landet. Det omliggande området har status som area of outstanding natural beauty (særskild vent naturområde) og er foreslått som den første nasjonalparken i Nord-Irland. Mournes er delvis eigd av National Trust og har mange vitjande kvart år. Det høgaste fjellet er Slieve Donard på 849 meter over havet.

Fjellområdet er mykje vitja av turistar, vandrarar, terrengsyklistar og fjellklatrarar.

Mournemuren

Mournemuren er ein av dei meir kjende landemerka i Mournefjella. Det er ein 35 km lang mur som går over femten toppar, og han vart bygd for å markere eit 36 km² stort område som hovudleverandøren av ferskvatn for Belfast kjøpte på slutten av 1800-talet. Arbeidet med muren starta i 1904 og vart fullført i 1922.

Mange av toppane i Mournefjella har namn som byrjar med Slieve, frå det irske ordet sliabh som tyder 'fjell'. I tillegg til dei kjende toppane som Slieve Donard, Slieve Lamagan and Slieve Muck, er det mindre toppar med meir kuriøse namn som Pigeon Rock, Buzzard's Roost, Brandy Pad, Percy Bysshe, the Devil's Coach Road og Pollaphuca.

Dei høgaste toppane i Mournefjella[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°10′N 6°05′W