Move It

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Move It»
Singel av Cliff Richard and the Drifters
B-side «Schoolboy Crush»
Utgjeve 29. august 1958
Innspelt 24. juli 1958, Abbey Road
Sjanger Rock 'n' roll
Lengd 2:23
Selskap Columbia 45-DB4178/78-DB4178
Låtskrivar(ar) Ian Samwell
Produsent Norrie Paramor
Cliff Richard and the Drifters-kronologi
«Move It» «High Class Baby»
(1958)

«Move It» er ein song av Cliff Richard and the Drifters (det britiske bandet som vart The Shadows). Opphavleg var songen meint som ei B-side til «Schoolboy Crush», og vart gjeven ut som debutsingelen til Richard den 29. august 1958. Singelen vart ein hit i Storbritannia og er ein av dei første autentiske rock and roll-songane som er skriven utanfor USA.[1][2]

«Schoolboy Crush» vart skriven av Aaron Schroeder og Sharon Gilbert, og hadde alt vore spelt i Amerika av Bobby Helms. Cliff Richard and the Drifters spelte inn si eiga utgåve som var meint som A-side på debutsingelen deira. Produsenten Jack Good høyrte så «Move It», og insisterte på at Richard måtte opptre på TV-showet hans, Oh Boy!, der han skulle få synge «Move It». Den planlagte singelen vart snudd og klatra til andreplass på listene. Cliff Richard starta med det karrieren som skulle gje han britiske hittar i seks tiår på rad.[1]

Songen er skildra av Allmusic som «Presley-liknande» og av Richard sjølv som «min einaste eineståande rock 'n' roll-klassikar». «Move It» vart skriven på ein dobbeltdekkarbuss i London på veg til øving i heimen til Richard av Drifters-gitarist Ian «Sammy» Samwell.[3][4] Eit andre vers vart skriven av Samwell for Hank Marvin-albumet Hank plays Cliff i 1995, med Cliff Richard på vokal.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Cliff Richard and the Drifters:

  • Cliff Richard – vokal
  • Ian Samwell – rytmegitar
  • Terry Smart – trommer

Studiomusikarar:

  • Ernie Shear – sologitar
  • Frank Clarke – bass
  • Mike Sammes Singers – korvokal på «Schoolboy Crush»

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Suzi Quatro spelte «Move It» på albumet Quatro frå 1974, medan Alvin Stardust gav han ut på singel året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sold on Song Top 100 på bbc.co.uk..
  2. "The Ian "Sammy" Samwell Story" på iansamwell.com.
  3. Cliff Richard på allmusic.com..
  4. «A Music Legend and a special man, has moved on» på iansamwell.com.