Movimiento al Socialismo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sosialistpartiet i Bolivia (Movimiento al Socialismo, MAS) er eit venstreorientert boliviansk parti leidd av Evo Morales, skipa i 1987.

MAS grodde opp frå ei rørsle for å forsvare interessa åt kokabøndene. Evo Morales har utforma målsettinga for partiet og ein populær organisasjon for å oppnå nasjonal samling, og han har utforma ein ny petroleumslov som vil garantere 50 % av inntekta for den bolivianske staten, skjønt politiske leiarar i MAS også har synt interesse for å gjere nasjonaliseringa av olje- og gassindustrien komplett.

I kongressvalet på slutten av 2002 kom partiet på andreplass med 19,4 % av dei gyldige presidentstemma og 14,6 % av einrepresentantstemma, noko som gav 27 av 130 sete i kongressen og 8 av 27 i senatet. Dette var overraskande og upassande for dei tradisjonelle bolivianske partia. Også i 2005 var Morales presidentkandidaten åt partiet. Han vann då ein klar siger med majoriteten av røystene og partiet fekk 72 av 130 sete i kongressen og 12 av 27 i senatet. I prefektvalet kjempa MAS for alle ni departement, men vann berre tre: Chuquisaca (43 %), Oruro (41 %), and Potosí (42,7 %).

Presidentvala[endre | endre wikiteksten]

Ettersom dei økonomiske reforma vart sett i verk på 1990-talet, starta tidlegare gruvearbeidarar å dyrke kokablad, og somme hevder at det medverka til at landet kom med i internasjonal narkotikaproduksjon og narkotikasmugling. Under tidlegare president Hugo Banzer starta ein organisert aksjon for utrydding av narkotika, aksjonen var stødd av styresmakta i Sambandsstatane.

Vala i 2002[endre | endre wikiteksten]

MAS hadde i utgangspunktet eit lågt resultat på meiningsmålingane, men dei nytta ut avgrensa ressursar på fantasifullt vis og vekte merksemd. Partiet fann ein utradisjonell kampanjetaktikk med å gje bort politiske «konfetti» som t-skjorter, hovudplagg, kalendrar, baseballar saman med fjernsynsreklame og posterar. Eit kontroversielt fjernsynsinnslag viste portrett av ei innfødd hushjelp som formante massane om å røyste etter samvitet og ikkje slik som sjefane oppmoda om. Som alle andre parti fekk MAS noko under USD 200 000 av staten til valkampanjen.

MAS sirkulerte ein poster i alle bolivianske byar med eit stort bilete av Morales plasser under teksten:

-Bolivianarar, de tar avgjersla, kven er sjefen her, Rocha eller røysta åt folket?

Manuel Rocha var dåverande ambassadør frå Sambandsstatane. Det vert hevda at posteren gav ein stor påverknad på veljarane, han vart populær og MAS måtte trykkje nye opplag.

Ingen av dei etablerte partia ønskte å ta debattar med Morales, dei avfeide MAS som eit minoritetsparti. Og i juni tok Morales til motmæle og meldte til media at heller ikkje han var interessert i ein debatt med dei:

-Mannen eg ønskjer å debattere med er ambassadør Rocha, eg føretrekkjer å tale med eigaren av sirkuset, ikkje med klovnane.

Rocha gav ein tale fleire døger før valet kor avtroppande president Jorge Quiroga var til stades og Rocha uttalte:

-Eg ønskjer å minne dei bolivianske veljarane på at om de røystar inn dei som vil at Bolivia skal verte ein monaleg kokaineksportør igjen, så vil det sette stønaden frå Sambandsstatane i fare for framtida. [1]

Trass talen røysta bolivianarane på MAS i mengd, spesielt i departementaAltiplano med stor innfødd folkesetnad. Partiet fekk 20,94 %, berre eit par prosentpoeng bak vinnarpartiet. Etterpå takka Morales ambassadøren for stønaden:

- Ei kvar ytring mot oss hjelpte oss til å vekse og å vekke medvete i folket. [2]

På grunn av Morales si kompromisslause haldning, vart partiet MAS ekskludert frå koalisjonen som avgjorde kven som skulle ta over som president, derfor gjekk MAS og Morales inn i kongressen som eit sterkt opposisjonsparti.

Vala i 2005[endre | endre wikiteksten]

Etter valet i 2002 opplevde Bolivia ei veksande misnøye og sosial uro, mellom anna med den såkalla «bolivianske gasskrigen i 2003». I juni 2005 blei president Carlos Mesa tvungen til å trekkje seg og den konstituerte presidenten Eduardo Rodríguez Veltzé gjorde vedtak om å framskynde 2007-vala til desember 2005.

Valprogrammet til MAS var konsentrert om tre saker:

  • Nasjonalisering av naturgassindustrien i følgje resultat frå eit referendum i 2004, skal skje gjennom nye tingingar om utvinningsløyvingar og andre kontraktar.
  • Jord som ikkje vert nytta ut, men eigd som spekulasjonsobjekt skal overførast til staten.
  • Å byggje ein konstitusjonsforsamling som skal utarbeide ei ny grunnlov.

Den 4. desember synte meiningsmålingar 32 % tilslutnad for Morales, medan dei største opponentane Jorge Quiroga låg på 27 % og Samuel Doria Medina på under 15 %. Alle partia hadde no lova nasjonal solidaritet, nasjonalisering av petroleumsindustrien og velferd for folket. Quiroga frå det sosialdemokratiske partiet PODEMOS var rekna som ein nyliberal og USA-venleg kandidat. Den 14. desember meldte «Wall Street Journal» at Morales leidde meiningsmålingane med 34 % mot 29 % for Quiroga. Valdagsmålingar synte ein siger på 42-45 % for Morales. Quiroga medgav nederlag få timar seinare. Sluttresultatet for valet synte at Morales fekk nær 54 % av røystene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]