Mozjajsk
| Mozjajsk Можайск |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||||
| Første nemnt i Bystatus |
1231 1708 |
||||
| Geografi | |||||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) |
30 888 |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Retningsnummer (tlf) | +7 49638 | ||||
Mozjajsk (russisk Можа́йск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg 110 km vest for Moskva, på den historiske vegen som fører til Smolensk og vidare til Polen.
Byen vart først nemnt i 1231 som tilhøyrande Tsjernigov. Seinare var han ei viktig festning for Smolensk-dynastiet. Byen vart erobra av Storfyrstedømet Moskva i 1303, men hadde i løpet av det neste hundreåret store problem med å forsvare han mot Algirdas av Litauen. Fyrstedømet vart vanlegvis heldt av ein yngre bror av den herskande storhertugen av Moskva, til praksisen vart droppa i 1493.
Mozjajsk forsvarte framleis dei vestlege vegane inn mot Moskva under invasjon til Napoelon av Russland og under den andre verdskrigen. Det store slaget ved Borodino i 1812 fann stad tolv kilometer frå byen.
Den første steinkatedralen vart bygt i byen sitt kreml tidleg på 1300-talet. I 1849 vart han plukka frå kvarandre stein for stein og så rekonstruert nøyaktig slik han tidlegare var. Ein større blodraud katedral i nygotisk stil vart fullført i 1814. Kyrkja til St. Joakim og Anna har bevart element frå tidleg 1400-talet. Eit anna viktig landemerke er Luzjetskijklosteret, grunnlagt i 1408 av St. Ferapont og gjenoppbygd i mustein på 1500-talet. Klosterkatedralen, bygt under Vasilij III sitt styre, var tidlegare kjend for sine fresker, tilskriven kretsen til Dionisij.
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Mozjajsk» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2009.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad for Mozjajsk (russisk)
- Mozjajsk på mojgorod.ru (russisk)