Mridangam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mridangam sett frå den tjukke enden.

Mridangam er ei handtromme frå Sør-India. Ho er det grunnleggjande rytmeinstrumentet i karnatiske musikkensemble.

I følgje ei soge var det hinduguden Brahma som skapte mridangamen, medan Ganesja var den første som spelte på han. Elles blir det sagt at Visjnu speler på denne tromma når Sjiva danser.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Den smale enden av ein mridgangam.

Mridangamen er ei dobbelsidig tromme som er laga av eit emne av brødfrukttre (Artocarpus heterophyllus) som er uthola til ein konisk, noko utoverrunda sylinder der veggene er kring 2,5 cm tjukke. Dei to endane er dekte med geiteskinn som er bundne til kvarandre med lêrreimer som går langsetter den langstrakte kroppen av mridangamen. Trommeskinna på dei to endane har ulik tonehøgd: Den smale enden gjev høge tonar og den vide enden gjev låge tonar. Trommeskinnet på den smale høgtoneenden har eit rundt felt i midten som er innsmurt med mjøl, jarnoksidpulver og stivelse. Dette gjer at ein kan få fram overtonar. Trommeskinnet på den vide lågtoneenden er innsmurt med mjølklister i midten for å sikre ei klår og presis tonehøgd.

Spelemåte[endre | endre wikiteksten]

Filma mridangam-demonstrasjon.

Ein held mridangamen vassrett når ein spelar. Musikaren sit med beina i kryss med venstrefoten under og inntil seg og høgrefoten over og noko frå kroppen. Mridangamslagaren bruker fingertuppane til å slå skinnet på begge sidene av tromma.

Mridangamen kviler på høgrefoten og okla slik at den smale høgtoneenden, som ein spelar på med høgrehanda, peikar mot høgre — og den vide lågtoneenden, som ein spelar på med venstrehanda, mot venstre. (Nokre venstrehendte musikarar, slik som Pazhani Subramanya Pillai, held mridangamen motsett veg — på liknande vis som enkelte musikarar spelar fiolin links.

Vidkjende mridangamspelarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]