Mrs. Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mrs. Robinson
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Bookends
Utgjeve april 1968
Innspelt 1968
Sjanger Folkrock
Lengd 4:00
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Roy Halee, Paul Simon, Art Garfunkel
Simon & Garfunkel-kronologi
«Scarborough Fair/Canticle»
(1967)
Mrs. Robinson «The Boxer»
(1969)

«Mrs. Robinson» er ein song skriven av Paul Simon og først framført av Simon & Garfunkel. Han kom ut på singel i 1968 og gjekk til topps i USA, den andre førsteplassen deira etter «The Sounds of Silence». Ei tidleg utgåve av songen finst i filmen The Graduate frå 1967 og det påfølgjande filmmusikkalbumet, medan heile songen vart gjeven ut på albumet Bookends (1968).[1] Songen gav dei Grammy-pris for «Årets singel» i 1969. Studiotrommeslagaren Hal Blaine spelte på denne og reknar det som ein av favorittsongane sine.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I filmen The Graduate har studenten Benjamin Braddock eit forhold til ei eldre, gift kvinne, Mrs. Robinson. Songen dukkar opp fleire gonger i filmen, men er forskjellig frå den kjende hitversjonen, og fleire gonger høyrer ein berre refrenget. Det var først seinare at Paul Simon og Art Garfunkel spelte inn songen på ny med meir tekst.

I følgje ein artikkel i Variety av Peter Bart i 2005, hadde Nichols vorte besett av musikken til Simon and Garfunkel då han filma filmen. Larry Turman, som var produsent for filmen, gjorde ein avtale med Simon om at han skulle skrive tre nye songar for filmen. Då dei var nesten ferdig å redigere filmen hadde Simon berre skrive ein ny song. Nichols bad han om fleire, men Simon, som stadig var på turne, svarte at han ikkje hadde tid. Han spelte då eit par tonar frå ein ny song han arbeidde på; «Han er ikkje for filmen...det er ein song om tidlegare tider, om Mrs. Roosevelt og Joe DiMaggio og slikt.» Nichols gav Simon råd om at «Han er no om Mrs. Robinson, ikkje Mrs. Roosevelt.»[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Frank Sinatra, Andrew Jackson Jihad, The Nits, James Taylor Quartet, Billy Paul, Kik Tracee, The Lemonheads, Bon Jovi, Charlie Peacock, Casey James, og Hank Marvin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bennighof, James. The Words og Music of Paul Simon. Westport, Ct.: Greenwood Publishing Group, 2007. ISBN 0275991636, ISBN 9780275991630. s. 33.
  2. Mrs Robinson Songfacts
  3. Mrs. Robinson av Simon and Garfunkel Songfacts