Msta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Msta
Msta-stryka
Msta-stryka
Utspring Mstino
Munning Ilmen
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 445 km
Middelvassføring 200 m³/s
Nedslagsfelt 23 300 km²

Msta (russisk Мста) er ei elv i Tver og Novgorod oblast i Russland. Elva er 445 km lang og har eit nedslagsfelt på 23 300 km². Elva har ei middelvassføring på 200 m³/s.

Elva spring ut frå innsjøen Mstino i Valdajhøgdene nord for byen Vysjnij Volotsjok, og munnar ut i innsjøen Ilmen.

Msta var lenge ein del av ein viktig vassveg for handelen mellom Austersjøen og det sentralrussiske innlandet. Men med bygginga av Volga-Austersjø-kanalen og jernbanen mellom Moskva og St. Petersburg på 1800-talet forsvann òg handelstrafikken over Msta. Den største byen langs Msta er Borovitsji.

Msta er kjend for stryka på ein 30 km lang strekning mellom Opetsjenskij Posad og Borovitsji, og er ei populær raftingrute. Då vassvegen over Msta var i drift var losing av handelsbåter gjennom stryka ei viktig inntektskjelde for innbyggjarane i Borovitsji.

Dei viktigaste sideelvene til Msta er Berezajka og Uver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]