Muckle Green Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muckle Green Holm
Geografi
Muckle Green Holm is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°8′ N 2°50′ WKoordinatar: 59°8′ N 2°50′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 0,32 km²
Høgaste punkt 28 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Demografi
Folketal 0

Muckle Green Holm er ei folketom øy i Orknøyane i Skottland. Ho er om lag 32 hektar stor og på det høgaste 28 meter over havet. Toppen er eit trigonometrisk punkt.

Namnet er ei blanding frå fleire opphav. 'Holm' kjem frå norrønt holmr,[1] medan 'Muckle' er skotsk for 'stor'. I sør ligg Little Green Holm og mellom dei to Sound of Green Holms. Aust for sundet er eit anna sund kalla Fall of Warness mellom Muckle Green Holm og den langt større øya Eday. I desse farvatna har European Marine Energy Centre sett opp eit testutstyr for tidvasskraft.[2]

Det finst ein koloni med storskarv på Muckle Green Holm og ein oterbestand.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Waugh, Doreen J., Orkney Place-names i Omand, Donald (ed.) (2003) The Orkney Book. Edinburgh, Birlinn. s. 119
  2. «EMEC». http://www.emec.org.uk/. Henta 20. mars 2010. 
  3. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.