Mudan Jiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over ein del av Mudan Jiang

Mudanjiang (kinesisk: 牡丹江, pinyin: Mǔdānjiāng; mandsjuisk: Mudan bira.png, Mudan bira), er ei om lag 725 kilometer lang elv i provinsen Heilongjiang i Kina. Ho er bielv til elva Songhua.

Elva har sine kjelder i provinsen Jilin og renn mot nord, gjennom Jingposjøen. Ho flyt deretter vidare nordover gjennom fylket Ning'an og prefekturet Mudanjiang, som har namn etter elva, før ho renn saman med den større elva Songhua i fylket Yilan.

Dagens kinesiske namn kan omsetjast til «Peonelva». Tidlegare var ho kjend som Hurka eller Hurha (瑚爾哈).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]