Muddy Waters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muddy Waters
Muddy Waters (blues musician)-cropped.jpg
Muddy Waters ved opninga av Peaches Records & Tapes i Rockville, Maryland (midten av 1970-åra)
Verkeleg namn McKinley Morgelfield
Fødd april 4, 1913(1913-04-04), Issaquena County i Mississippi i USA
Død 30. april 1983 (70 år), Westmont i Illinois i USA
Instrument Vokal, gitar, munnspel
Sjanger Blues, Chicagoblues, countryblues, deltablues, elektrisk blues, R&B, rock[1]
Aktive år 1941–1982
Yrke Songar, låtskrivar, gitarist, bandleiar
Plateselskap Aristocrat, Chess, Testament
Nettstad www.muddywaters.com
Kjende instrument
Gibson Les Paul
Fender Telecaster

McKinley Morganfield, meir kjend under artistnamnet Muddy Waters (4. april 191330. april 1983), var ein USA-amerikansk blues-musikar. Han var først og fremst gitarist og songar, men òg arrangør. Waters spela ei viktig rolle for uviklinga av den elektriske bluesmusikken, og vert ofte rekna som Chicago-bluesens far. Waters har vore ei viktig inspirasjonskjelde for mange artistar, mellom andre The Rolling Stones, som tok namn etter Waters-låten Rollin' Stone (1950), samt AC/DC og heile den britiske beat-rørsla på 1960-talet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Yngre år[endre | endre wikiteksten]

Waters vart fødd i Jug's Corner i Issaquena County i delstaten Mississippi. Mor hans døydde i 1918, deretter tok mormora Della Grant hand om honom. Tilnamnet Muddy fekk han tidleg, då han var så glad i å leike i leira. Seinare la han til Water, og til sist Waters som artistnamn.[2]

Musikanten Waters spela til å byrje med på munnspel, men då han var sytten opptredde han på lokale festar med gitarmusikk av framfor alt Son House og Robert Johnson, to samtidige og mykje populære bluesartistar i dei USA-amerikanske sørstatane.

Tidleg musikkliv[endre | endre wikiteksten]

I 1940 flytta Waters til Chicago, der han spela med mellom andre Silas Green. Han vart verande ei tid, til dess han vende sørover til Stovall i delstaten Mississippi og opna ein «juke joint», eit lokale med bar, spel, musikk og dans, der han òg opptredde. Sommaren 1941 reiste musikksamlaren Alan Lomax rundt og spela inn bluesmusikk, på oppdrag for det USA-amerikanske kongressbiblioteket. I Stovall trefte han Waters og spela inn ei plate i heimen hans. Året etter kom Lomax tilbake og spela inn fleire låtar med Waters.

Waters flytta i 1943 til Chicago med håp om å verte heiltidsmusikar. Gjennombrotet i så måte kom då ein av dei då fremste bluesartistane i Chicago, 'Big Bill Broonzy', let Waters få speletid på hans klubbspelingar. I 1945 fekk Waters sin første elgitar av ein morbror, noko som gjorde at han lettare kunne høyrast i all støyen på klubbar der han spela. Same året byrja han spele inn låtar for det då nystarta plateselskapet Aristocrat. Han slo gjennom som regional musikkartist i 1948 med låtane «I Can't Be Satisfied» og «I Feel Like Going Home», og var deretter eitt eige namn på klubbscena i Chicago. Seinare skifta plateselskapet namn til Chess Records, eit selskap som i 1950 gav ut Waters signaturlåt, «Rollin' Stone», ein song som vart ein stor hit.

Etablert musikar[endre | endre wikiteksten]

I 1952 spela Waters inn plater med musikarar som 'Little Walter Jacobs' på munnspel, Jimmy Rogers på gitar, 'Elga «Elgin Evans» Edmonds' på trommer, Otis Spann på piano, og Big Crawford på bass; sjølv song han og spela gitar. Gruppa spela inn ein rad kjende bluesmelodiar gjennom dei tidlege 1950-åra: «Hoochie Coochie Man», «I Just Want to Make Love to You» og «I'm Ready». Waters vart ein leiande representant for bluesmusikk utgått frå Chicago. Både kunstnarisk og kommersielt nådde han ein topp kringom 1954-55.

Waters reiste på turne i England i 1958, der han overraska publikum med tunge rytmer og høglytt gitarspel.

På 1970-talet spela Waters saman med musikarar som gitaristen Johnny Winter, munnspelaren James Cotton og folkrock-gruppa The Band.

Ein kreftsjuk Muddy Waters døydde i 1983 i Westmont i DuPage County i delstaten Illinois.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album
  • The Best of Muddy Waters (1958), Chess
  • At Newport 1960 (1960), Chess
  • Muddy Waters Sings Big Bill Broonzy (1960), Chess
  • Folk Singer (1964), Chess
  • The Real Folk Blues (1966), Chess
  • Muddy, Brass and the Blues (1966), Chess
  • More Real Folk Blues (1967), Chess
  • Super Blues: Muddy Waters, Bo Diddley, Little Walter (1967), Checker
  • The Super Super Blues Band: Muddy Waters, Bo Diddley, Howlin' Wolf (1967), Checker
  • Electric Mud (1968), MCA/Chess
  • After the Rain (1969), Chess
  • Fathers and Sons (1969), MCA/Chess
  • Sail On (1969), Chess
  • They Call Me Muddy Waters (1971), Chess
  • A.K.A. McKinley Morganfield (1971), Chess
  • Live (at Mr. Kelly's) (1971), Chess
  • The London Muddy Waters Sessions (1972), MCA/Chess
  • Can't Get No Grindin' (1973), Chess
  • London Revisted with Howlin' Wolf (1974), Chess
  • 'Unk' In Funk (1974), Chess
  • [The Muddy Waters Woodstock Album (1975), MCA/Chess
  • Live at Jazz Jamboree '76 (1976), Polljazz
  • His Best 1947-1955 (1976)
  • Hard Again (1977), Blue Sky
  • I'm Ready (1978), Blue Sky
  • Muddy "Mississippi" Waters - Live (1979)
  • King Bee (1981), Blue Sky
  • Rolling Stone (Muddy Waters-album)|Rolling Stone (1982), Chess
  • Rare and Unissued (1982), MCA/Chess
  • Muddy & The Wolf (1983)
  • Trouble No More (1989)
  • The Complete Plantation Recordings (1993)
  • Paris, 1972 (1997)
  • Goin' Way Back (1997), Just a Memory
  • One More Mile (1998)
  • A Tribute to Muddy Waters King of the Blues (1999)
  • Hoochie Coochie Man (1999)
  • The Golden Anniversary Collection (2000)
  • The Anthology (1947-1972) (2001), MCA/Chess
  • The Definitive Collection (2006) Geffen/Chess
Singlar
  • 1941 «Country Blues» (Innspelt av Alan Lomax)
  • 1941 «I Be's Troubled» (Innspelt av Alan Lomax)
  • 1942 «Ramblin' Kid Blues»
  • 1947 «Gypsy Woman» (med Sunnyland Slim)
  • 1947 «Little Anna Mae»
  • 1948 «Hard Days»
  • 1948 «Down South Blues»
  • 1949 «Screamin' and Cryin'»
  • 1949 «Last Time I Fool Around with You»
  • 1950 «Rollin' Stone» aka «Catfish Blues»
  • 1950 «Rollin' and Tumblin'»
  • 1950 «Walkin' Blues»
  • 1951 «Howlin' Wolf»
  • 1951 «Lonesome Day»
  • 1951 «They Call Me Muddy Waters»
  • 1951 «Still a Fool»
  • 1951 «Long Distance Call»
  • 1951 «Honey Bee»
  • 1952 «Iodine in My Coffee»
  • 1953 «Sad Sad Day»
  • 1954 «I Just Want to Make Love to You»
  • 1954 «I'm Your Hoochie Coochie Man»
  • 1954 «I'm Ready»
  • 1955 «Mannish Boy»
  • 1955 «Trouble No More»
  • 1955 «Sugar Sweet»
  • 1956 «All Aboard»
  • 1956 «Rock Me»
  • 1956 «Forty Days and Forty Nights»
  • 1957 «Got My Mojo Working»
  • 1957 «Good Lookin' Woman»
  • 1958 «Born Lover»
  • 1959 «Goin' Down Louisiana» (aka «Louisiana Blues»)
  • 1960 «Deep Down in My Heart»
  • 1961 «Messin' with The Man»
  • 1962 «Going Home»
  • 1962 «You Shook Me»
  • 1963 «Let Me Hang Around»
  • 1964 «My Home is on The Delta»
  • 1965 «Early Morning Blues»
  • 1966 «Canary Bird»
  • 1967 «Trainfare Blues»
  • 1968 «Mud in Your Ear»
  • 1969 «Blues and Trouble»
  • 1970 «Blues for Hippies»
  • 1971 «Strange Woman»
  • 1972 «My Pencil Won't Write No More»
  • 1973 «Muddy Waters Shuffle»
  • 1974 «Drive My Blues Away»
  • 1975 «Born with Nothing»
  • 1977 «Crosseyed Cat»
  • 1978 «Copper Brown»
  • 1979 «She's Nineteen Years Old»
  • 1981 «Forever Lonely»
Singeln "Mannish Boy" med Muddy Waters på Chess Records.
Albumet "Hard Again" från 1977 på Blue Sky.
Muddy Waters i Toronto, Kanada, 1971.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Delvis omsett frå engelska Wikipedia

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dahl, Bill. «Muddy Waters». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/muddy-waters-mn0000608701. Henta 3 July 2012. 
  2. Gordon p. 9

Bakgrunnssotoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Muddy Waters