Mugodzjarfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mugodzjarfjella (russisk Мугоджары, Mugodzjary eller Мугоджарский хребет, Mugodzjarskij khrebet, kasakhisk Mughalzjar, Mugalzjar) er fleire fjellkjeder nordvest i Kasakhstan. Heile kjeda er 440 km lang og vert rekna som ei fortsetjing av Uralfjella. Dei er knytt saman med Sør-Uralfjella ved Guberlinskijhøgdene (Губерлинские горы, Guberlinskije Gory). Dei dannar vasskiljet mellom Kaspihavet og Aralsjøen.

Sjølve Mugdozjary har ei lengd på 200 km og er opp til 30 km brei. Dei startar ved elva Or som ei small kjede som etter kvart deler seg i to, Den austlege Mugodzjary og Den vestlege Mugodzjary. Det høgaste punktet er Boktybaj på 657 meter over havet og ligg i den austlege delen. Store elvar som renn frå Mugodzjary er Or, Emba og Irgiz.

Mugodzjary inkluderer òg fleire høgland og høgder, som Ural-Tobolsk-platået og Dei nordlege Mugodzjary, som er knytt saman til Guberlinskijhøgdene.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mugodzjarfjella

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°38′38″N 58°32′47″E