Muhu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muhu
Lokalt namn: Muhumaa
Geografi
EE Muhu.PNG
Stad Austersjøen
Koordinatar 58°36′N 23°15′E
Areal 198 km²
Administrasjon
Land Estland
Maakond Saare maakond
Demografi
Folketal 1 822 (2004)

Muhu (på tysk Moon eller Mohn; på estisk òg kalla Muhumaa), er ei øya i Austersjøen ved kysten av Estland. Med eit areal på 198 km² er ho den tredje største øya i Estland, etter Saaremaa og Hiiumaa.

I lag med dei mindre naboøyane Kesselaid, Viirelaid, Võilaid og Suurlaid dannar ho Muhu kommune i Saare fylke. Kommunen har eit folketal på 1 822 (2004) og dekkjer eit område på 206,12 km². Folketettleiken er 8,8 km². Dei største tettstadane på Muhu er Kuivastu, Liiva og Koguva.

Øya ligg like utanfor det estiske fastlandet med sundet Suur Väin i mellom, og mellom Saaremaa og Muhu lgg Väike Väin-sundet. Muhu er knytt til Saarema med vegfylling. Det er eit ferjesamband mellom Kuivastu på Muhu og Virtsu på fastlandet.

Muhu er kjend for å ha den einaste vindmølla som framleis er i drift i heile Estland, og for Slaget i Suur Väin-sundet i september-oktober 1917 mellom Russland og Tyskland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]