Muldyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muldyr

Muldyr er ei krysning mellom ein eselhingst og ei hoppe av hest. Ei krysning av ei eselhoppe og ein hingst av hest blir kalla mulesel. Muldyr blir brukte som trekk-, laste- og ridedyr.

Eit muldyr er for det meste noko større enn eit mulesel, men finst, som mulesel, i alle storleikar - for ein stor del avhengig av størrelsen på foreldra.

Eit muldyr er vanlegvis ikkje i stand til å få avkom: Det er berre få kjende tilfelle der ei muldyr-hoppe har fått avkom, og det er ingen kjende tilfelle av at muldyr-hingstar har fått avkom. Dette fordi eit esel har 62 kromosom, ein hest har 64. Muldyret får dermed 63 kromosom, noko som skapar store vanskar når det skal lagast kjønnsceller med halvparten av dei 63 kromosoma.