Mulla Krekar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Najmuddin Faraj Ahmad (ar. نجم الدين فرج أحمد),(kurdisk Necmedîn Farac Ehmed) betre kjend som Mulla Krekar[1] (ar. الملا كريكار)(fødd 7. juli 1956) er ein irakisk kurdar busett i Noreg. Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane har rekna han som ein aktiv støttespelar for organisasjonen Al-Qaida sidan 8. desember 2006.

Ahmad kom til Noreg som kvoteflyktning frå Nord-Irak i 1991. Han har kone og fire barn, som alle har fått invilga norsk statsborgarskap, men Ahmad sjølv har ikkje fått invilga sin søknad, fordi norske styresmakter meiner han er ein fare for riket sin tryggleik. Dei har likevel ikkje sendt han attende til Irak, fordi ein reknar med at han kan verta avretta.

Ansar al-Islam[endre | endre wikiteksten]

Mulla Krekar var leiar for den islamistiske grupperinga Ansar al-Islam frå oppstarten i 2001. Både Krekar og Ansar al-Islam står på Sambandsstatane og SN si terrorlista.

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. Nemninga «mulla» er berre eit kallenamn, og ikkje i denne samanhengen ein formell tittel)
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.