Multiplett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Multiplett er eit system av fleire like eller nesten like delar. Det vert særskild nytta om sprektrallinje som skriv seg frå same stoff og som ved dårleg oppløysing ser ut til å vere ei og same linje, men som ved betre oppløysing vert splitta opp i fleire linjer.

Multiplett vert nytta meir generelt i ulike greiner av kvantefysikken, som dublett, triplett, kvartett osv. Eit system med spinn lik 1 er til dømes ein triplett, med tre ulike innstillingshøve for spinnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]