Multiplisitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Multiplisitet er eit omgrep i matematikken. Multiplisiteten til rota α av eitt polynom p(x) syner til kor mange faktorar (x-α) som inngår i polynomet. Om polynomet vert skriven på forma

\ p(x) = (x-\alpha)^k q(x)

der α ikkje er ei rot til polynomet q, så er k multiplisiteten for rota α.

Døme:

Om

\ p(x) = (x-3)^3 (x-5)^2

så seier ein att x=3 er ei rot til polynomet p med multiplisiteten 3, medan rota x=5 har multiplisiteten 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]