Mummitrollet
Mummitrollet er ein barnebokfigur laga av den finlandssvenske forfattaren og teiknaren Tove Jansson. Det har blitt gjett ut ei rekkje bøker om Mummitrollet heilt ifrå 1940-talet og framover. Desse bøkene vert ofte kalla Mummibøkene. Serien handlar om Mummitrollet og venene hans som bur i Mummidalen. Det er óg laga ein teikneserie om Mummitrollet, dukkefilmar for TV, og ein europeisk-japansk animasjonsserie for TV og kino. I Finland er det dessutan laga ein familiepark på grunnlag av forteljingane og figurane.
[endre] Mummitrollet og venene hans
I byrjinga var Mummitrollet ein figur som dukka opp på sider som Jansson laga for eit finsk blad på 1930-talet, men etter kvart fekk Mummitrollet sjølv rolla som hovudperson i fleire bøker og filmar. Mummitrollet bur i eit stort blått hus i Mummidalen saman med Mummimamma og Mummipappa. Mummitrollet har mange gode vener, blandt anna Snorkfrøken, Sniff, Snusmumriken og Lille My. Andre figurar i Mummidalen er Hufsa, Hemulen, Snorken, Totiki og Mymlen.