Mundheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mundheim
stad
Fylkesveg 49 gjennom Mundheim
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvam
Postnummer 5632 OMASTRAND
Preposisjon i Mundheim
Kart
Mundheim
60°10′00″N 5°55′00″E / 60.16666667°N 5.91666667°E / 60.16666667; 5.91666667

Mundheim er ei lita bygd i enden av Øynefjorden nord for Varaldsøy i Kvam herad i Vestland. Bygda var tidlegare ein del av Varaldsøy kommune og hadde i 2003 168 innbyggjarar.

Namnet Mundheim kjem anten frå det norrøne ordet mundr som tyder gåve/ bruregåve, eller av munr, som tyder trivsle. Riksveg 49 går gjennom Mundheim og nordover til endepunktet Norheimsund. Riksveg 48 har dels same strekning som 49, men svingar mot Fusa frå Mundheim. Mundheim hadde lenge eige postnummer, men har i dag sams postnummer med Omastrand.

Ungane frå Mundheim går på barne- og ungdomsskule i Strandebarm. Næraste vidaregåande skular er i Fusa, Øystese og Norheimsund.

Like innanfor Mundheim ligg garden Nes, ein del av eit tidlegare klyngjetun. Her er både strandsitjarstova, gamleløa, eldhus og stabbur, alle frå 17- og 1800-talet, restaurerte. Ei typisk vestlandsk lemstove frå 1863 er òg flytt til tunet og innreidd som to utleigehusvære. Geitehuset er også restaurert til ei utleigeeining.

Radiopersonlegdomen Svanhild Mundheim voks opp i Mundheim. Ho er òg ein namneberar for bygda; i dag er det 75 personar som har Mundheim til etternamn, ifylgje Statistisk Sentralbyrå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]