Hugin og Munin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Munin)
Hugin og Munin er i norrøn mytologi namn på dei to ramnane til guden Odin. Namnet «Hugin» tyder 'tanke' medan «Munin» tyder 'minne'. Det vert fortalt at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin.
|
Hugin og Munin |
Mot slutten av dagen kjem ramnane attende og set seg på Odin sine skuldrar for å fortelja alt dei har sett og høyrt. Mellom anna difor var Odin den visaste av gudane. Eitt av dei mange tilnamna, eller kenningane, til Odin er ramneguden.