Munkeby kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°43′47.849″N 11°23′6.9684″E

Munkeby klosterruinar i Levanger kommune i 2003

Munkeby kloster er eit tidlegare kloster i Levanger kommune i Nord-Trøndelag, ved Munkeby gard 5 km aust for kommunesenteret. Klosteret vart grunnlagt på 1100-talet av cisterciensermunkar, og var truleg underlagt abbeden på Tautra. Klosteret vart visstnok lagt ned allereie på 1200-talet i samband med skipinga av klosteret på Tautra i 1207. Klosterruinane har vore eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1967, og vart restaurert 1968.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]