Munkeparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Munkeparakitt
Munkeparakitt
Munkeparakitt
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Munkeparakitt
Utbreiinga av Munkeparakitt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Myiopsitta
Art: Munkeparakitt M. monachus
Vitskapleg namn
Myiopsitta monachus
Egg

Munkeparakitt (Myiopsitta monachus) er ein fugl i papegøyefamilien, Psittacidae. Munkeparakitten stammar frå tempererte til subtropiske område av Argentina og nabolanda i Sør-Amerika. Særleg i Nord-Amerika og Europa finst det mange forvilla populasjonar.

Denne papegøyen er 29 cm lang i gjennomsnitt, og har vengespenn på 48 cm, han veg 100 gram. Hofuglar har ein tendens til å vere 10-20 % mindre. Fuglen er overvegande grøn og har den typiske lange parakitthalen. Panna er blåaktig til grå, resten av hovudet og brystet er grått. Nebbet er oransje eller lyst brunleg. Munkeparakitten har ein grå ring rundt augo og grå føter. Handvengfjørene er blå og svarte, undersida av vengene og lysgrå til blassblåleg. Halefjøra syner ei blå og grøn teikning, undersida er lys grøn til lyseblå. Kjønna er heilt like i fjørdrakta.

Fuglar i fangenskap har andre farger enn den naturlege fjørdrakta. Slike fuglar syner mellom anna kvitt, blått og gult i staden for grønt. Ettersom slike farger gjev dårlegare kamuflasje, liknar forvilla fuglar meir på dei ville fuglane i farger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]