Munkholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Munkholm
Typealkoholfritt øl
ProdusentRingnes
Nettstadwww.ringnes.no

Munkholm er eit såkalla alkoholfritt øl som vert produsert av Ringnes. Ølet vart introdusert i 1991 av Ringnes E.C. Dahls bryggeri i Trondheim, og har namn etter Munkholmen, ei øy i Trondheimsfjorden rett utafor byen.

Framstillinga skjer på den måten at gjæringa vert stogga etter at ølsmaken er utvikla, men før alkoholstyrken har vorte for stor. Det er soleis små mengder alkohol i ølet.

I 2013 vart det lansert ein ny serie Munkholm med produkta Munkholm Original, Munkholm Fatøl og Munkholm Bayer i tillegg til juleøl-varianten.[1]

Andre bryggeri har tilsvarande variantar av alkoholfritt eller alkoholsvakt øl.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.ringnes.no/brands/merkevarene/Sider/munkholm.aspx