Munnavlesing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Munnavlesing vil seia å lesa på leppene. Det er ein teknikk der ein oppfattar tale ved å visuelt tolka rørslene gjort av leppene, fjeset og tunga saman med informasjon gjeve av gestar og andletsuttrykk.

Ein kan bruka teknikken som støtte til talespråket dersom ein er i ein situasjon med bakgrunnsstøy. I hovudsak er det folk med nedsett høyrsle som nyttar seg av munnavlesing, sidan teknikken medverkar til betre oppfatning av tale og kommunikasjon i situasjonar der høyrsla kjem til kort. Den som talar til ein som driv munnavlesing bør leggja til rette for teknikken ved å prata sakte og gjera tydelege gestar.