Munnharpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei munnharpe

Munnharpe er eit av verdis eldste musikkinstrument, og er utbreidd i store delar av verda.

Munnharpa er ein idiofon som er sett saman av ei fleksibel tunge av metall eller bambus som er festa til ei ramme. Musikaren held instrumentet slik at den fleksible tunga er i munnopninga, ramma vert ofte støtta mot tennene. Slik kan ein bruka munnhòla som resonansrom. Metall- eller bambustunga vert knept med ein finger for å få fram tonen. Denne kan ikkje varierast, men med å forma munnen på ulike måtar kan musikaren derimot framheva visse overtonar og dermed spela melodiar. Instrumentet har vore bruka både til danseslåttar og visetonar.

Noreg har tradisjonar for spel på munnharpe som strekkjer seg langt attende i tid. Tradisjonen har halde seg lengst i Setesdal men i Hallingdal og Valdres au har instrumentet vore mykje i bruk. Kjende utøvarar på munnharpe i Noreg er Ånon Egeland, Svein Westad og Anders Røine. Verdis største munnharpe er tusenårsmonumentet i Valle kommune.

Spire Denne folkemusikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.