Munster Blackwater
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Blackwater for andre elvar med same namn.
| Blackwater | ||
|
|
||
| Utspring | Mullaghareirkfjella i County Kerry | |
| Munning | Det keltiske havet ved Youghal | |
| Lengd | 120 km | |
Blackwater eller Munster Blackwater (irsk An Abhainn Mhór, «Den store elva») er ei elv som renn gjennom grevskapa Kerry, Cork og Waterford i Republikken Irland. Ho har utspring i Mullaghareirkfjella i County Kerry og renn så austover gjennom County Cork, Mallow og Fermoy. Ho renn inn i County Waterford og gjennom Lismore, før ho brått snur sørover ved Cappoquin og til slutt munnar ut i sjøen ved Youghal hamn. Blackwater er 120 km lang og er kjend som ei av dei beste lakseelvane i landet, sjølv om laksebestanden har fall drastisk dei siste åra. Mange fiskarar i elva må like vel betale ei avgift til hertugen av Devonshire, som eig elva. Hertugen eig òg Lismore Castle.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Munster Blackwater frå Engelsk Wikipedia .