Murat Su

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 38°48.25′N 38°45.25′E
Murat Su
elv
none  Murat Su
Murat Su
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Kjelde nær Ararat nord for Vansjøen
 - høgd 2 720 moh
 - koordinatar 39°24′N 43°45′E
Munning Karasu nær Keban i provinsen Elazığ
 - koordinatar 38°48.25′N 38°45.25′E
Lengd 722 km

Murat Su (tyrkisk òg Murat Nehri) eller Aust-Eufrat er den største kjeldeelva til Eufrat. Ho vart òg kalla Arsanias (armensk Արածանի) i antikken. Elva spring ut nær Ararat nord for Vansjøen, aust i Tyrkia, og renn vestover i 722 km gjennom fjellområda. Før bygginga av Kebandemninga mottok Murat Su Karasu, 10 km nord for demninga og 13 km nord for byen Keban.[1]

Kebandemninga var ein gong den største i Tyrkia då ho stod ferdig i 1974 og er bygd i samband med vasskraftutbygging.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Soccer On Frozen-elva, Turkish Daily News, 2004-12-31 
  2. «Marat-elva». Encyclopædia Britannica. http://www.britannica.com/eb/article-9054324/Murat-River. Henta 13. august 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Murat Su