Muren i Bergen

Koordinatar: 60°23′41.179″N 5°19′11.694″E / 60.39477194°N 5.31991500°E / 60.39477194; 5.31991500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°23′41.179″N 5°19′11.694″E / 60.39477194°N 5.31991500°E / 60.39477194; 5.31991500

Muren i Bergen i 2009.
Bilde av Murhvelvingen frå rundt 1916.

Muren i Bergen, Murhvelvingen, Mureporten eller Rosenkrantzke Muur, til dagleg oftast kalla Muren, er eit bygg som ligg på Østre Murallmenning i Bergen. Muren vart bygd i 1562 som privathus for lensherren Erik Rosenkrantz. Rosenkrantz hadde fått løyve frå kongen til å henta kleberstein frå klosterruinaneMunkeliv kloster. Steinane kan ein sjå i hjørne og innrammingar. Bygningen fekk skade i fleire av bybrannane på 1600-talet, og har vore gjennom mange ombyggingar, men er ein av få bygningar i Bergen som overlevd sidan 1500-talet.

I sokkeletasjen har det vore drive handel sidan 1600-talet. Buekorpsmuseet held til i bygningen, i det som ei gong var ein stor festsal.

Muren er i motsetnad til Stadsporten i Kalfarveien ikkje ein byport. Opphavleg låg der ein brønn under kvelvinga. Brønnen vart tildekt og den offentlege passasjen vart laga til i 1880-åra. Bygget vart skadd av brann i 1625, 1640 og 1643. I åra 1651-52 vart Muren reparert for offentlege middel, og etter det brukt av eit vaktkompani. Bygget hadde gavl òg mot aust og vest, og det noverande valmtaket er bygd etter brannen i 1702.

I 1880–82 vart private eigarar kjøpt ut av Brennevinssamlaget, og i 1922 vart samlaget kjøpt av A/S Vinmonopolet. Muren vart seld til kommunen i 1924. Kyrkjeverja hadde kontor i fyrste etasje i åra 1929-75. I 1565 feira Brynhilde Benkestok og futen Erik Hanssøn Schønnebøl eit staseleg bryllaup i denne salen. Seinare vart dette «Café for Striler». Brennevinssamlaget innreidde òg ein «Toddysal for et bedrestilt publikum» i første etasje, men der kom ingen. Muren vart freda i 1927.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Muren i Bergen