Murgab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Basaren i Murgab.

Murgab (tadsjikisk Мурғоб, russisk Мургаб, frå det persiske مرغاب som tyder 'fugleelva') er hovudstaden i Murgab-distriktet i Pamir-fjella i den autonome Gorno-Badaksjan-regionen i Tadsjikistan. Med sine 4000 innbyggjarar er Murgab omtrent den einaste større landsbyen i den austlege halvdelen av Gorno-Badaksjan. På 3650 meter over havet er Murgab er den høgstliggande større busetnaden i Tadsjikistan (og det tidlegare Sovjetsamveldet). Byen ligg der der Pamir Highway kryssar Murgab-elva. Pamir Highway går nordover til Sary-Tasj og vidare til Osj i Kirgisistan, og sørvest til regionhovudstaden Khorog (300 kilometer). Ein nyare veg går austover til Kulma-passet og Karakoram Highway i Kina, som går vidare til Tasjkurgan i sør og Kasjgar i nord. Når den nye vegen opna i mai 2004 var det berre reisande med kinesiske eller tadsjikiske pass som kunne krysse grensa her. Per 2010 er denne grenseposten open for dei fleste nasjonalitetar. På grunn av denne geografiske plasseringa er Murgab ein naturleg møteplass for både reisande og handlande av både lovlege og ulovlege produkt.

Landsbyen vart grunnlagt av russarane som 'Pamirskij Post' i 1893. Den moderne byen voks opp under Sovjetunionen. Befolkninga er no om lag halvt om halvt pamirsk og kirgisisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Murgab

Referansar[endre | endre wikiteksten]