Murkrypar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Murkrypar
Murkrypar Foto: Kurt Kulac
Murkrypar
Foto: Kurt Kulac
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Murkrypar
Utbreiinga av Murkrypar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tichodromidae
Slekt: Tichodroma
Art: Murkrypar T. muraria
Vitskapleg namn
Tichodroma muraria

Murkrypar, Tichodroma muraria, er ein liten fugl som lever i høgfjellsområde i Eurasia. Han er einaste medlemmen av slekta Tichodroma. Det finst to underartar, ein vestleg og ein austleg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Murkrypar er ein 15,5 til 17 centimeter lang fugl, med ein masse på 17-19 gram. Fjørdrakta er primært blågrå, med mørkare venger og halefjør. Det mest slåande trekket ved fjørdrakta er dei ekstraordinære karmosinraude områda på vengene. Stort sett er dette skjult når vengene er folda saman. Det meste av dekkfjørene og den indre halvdelen av handsvingfjørene og armsvingfjørene har denne raudfarga.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Som alpin art hekkar murkrypar i høgder mellom 1000-3000 moh.[1] Arten har stort sett habitat i dette høgdnivået, men er kjent for å flytte til lågare høgder om vinteren, der kan ein somme tider observere murkrypar på bygningar og i steinbrot. Nominatunderarten har utbreiingsområde frå Dei kantabriske fjella i vest gjennom Pyreneane og Alpene austover til Kaukasus og vestre Iran. Underarten Tichodroma muraria nepalensis har utbreiing i sentrale høglandsområde i Asia som Turkmenistan og austre Iran austover til Kina.[2]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Jamvel om denne fuglen kan bli ganske tam, er han ofte overraskande vanskeleg å observere på overflata av berg og fjell.

Murkrypar er ein insektetar, beitar på bakkelevande virvellause dyr, hovudsakleg insekt og edderkoppar plukka frå bergoverflater.[3] Nokre gonger kan han òg jage flygande insekt i flukt frå ein avsats fjellveggen. Beitande fuglar flyttar seg langs fjellveggen med korte flygingar og i kjappe hopp ofte med vengene delvis spreidd.

Hofuglen byggjer eit koppforma reir av gras og mose, skjerma djupt i ei bergkløft eller eit hòl i fjellet.[3] Reiret har vanlegvis har to inngangar og er fora med mjukare materialar, ofte med fjører eller ull.[4] Hoa legg vanlegvis 4-5 egg, men kull så lite som tre førekjem òg. Den kvite egga er 21 mm lange, og er dekt med ei lita mengd svarte eller raudbrune flekker. Når alle egga er lagt, rugar hoa egga i 19-20 dagar til klekking. Maken syter for føde til henne under ruginga.[4] Ungane er blinde, fjørlause og generelt hjelpelause ved klekking. Begge foreldra matar ungane fram til dei er flygedyktige etter 28-30 dagar. Kvart par får berre eitt ungekull i året.

Sjølv om dei stort sett tause, vil murkryparar av begge kjønn synge, hoene vanlegvis berre medan ho vernar om matterritorium om vinteren.[3] Songen er ein høgfrekvent, plystrande, med tonar som vekselvis stig og fell.[1] I hekkesesongen syng hannfuglane når dei kviler eller klatrar.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Det er noko usemje blant ornitologar om kor murkrypar høyrer heime i den taksonomiske rekkjefølgja. I første omgangen sette Linné arten inn i trekryparfamilien Certhiidae.[4] I dag er murkrypar plassert i ein monotypisk familie Tichodromadidae av blant andre Clementslista, medan andre autoritetar som Dickinson 2003[5] legg han inn i ein monotypisk underfamilie Tichodromadinae av spettmeisfamilien Sittidae.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Svensson, Lars; Peter J. Grant (1999). Collins Bird Guide. London: HarperCollins. s. 324–5. 
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (desember 2009). «The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4» (Excel spreadsheet). Cornell Lab of Ornithology. Henta 5. desember 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Ehrlich, Paul R.; David S. Dobkin; Darryl Wheye; Stuart L. Pimm (1994). The Birdwatcher's Handbook. Oxford University Press. s. 440. ISBN 978-0198584070. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Campbell, Bruce; Elizabeth Lack. A Dictionary of Birds. Calton: T & A D Poyser. s. 638–39. ISBN 0-85661-039-9. 
  5. Howard, Richard; Moore, Alick (2003)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]