Murmanskka guovllu Sámesearvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Murmanskka guovllu Sámesearvi, engelsk Association of Sámi in the Murmansk Region, russisk Общественная организация cаамов Мурманской области OOSMO er ein organisasjon for samaneKolahalvøya. Murmanskka guovllu Sámesearvi har tyngdepunktet sitt i Lovozero og Revda, dvs. i kjerneområda for samisk busetnad.

Det er uklårt når OOSMO vart stifta. I følgje Rantala 2004 søkte organisasjonen om medlemskap i Samerådet i 2000, og fekk det. Stiftinga kom i alle høve etter fleire års strid i Guoládaga Sámi Searvi, der eitt av argumenta var at GSS var ein organisasjon langt unna dagleglivet til majoriteten av samane.

Begge dei to russiske sameorganisasjonane har sete i Nordisk sameråd, og det er usikkert korleis den politiske drakampen vil utklide seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.